lyricsfolder

Wardruna - Odal Lyrics

#wardruna

Wardruna - Odal

Me er eit gamalt tre
Med nysprungne knoppar
Mot sola me strekk oss
Fram for å vekse
(Høyr!)
Langt nede i rot og i ringar av år
Kved dei gamle
(Høyr!)
Langt nede i rot og i ringar av år
I barken sit sår
Dei vitnar om aere
Dei vitnar om nid
(Somme svir meir enn andre)
(Somme svir meir enn andre)

Sjå meg djupt
i augene blå
du må forstå
Hugs at alle
eingong forlét
Natta den kjem
Eg gjev deg din odel
Om du vil ha
Den fer ikkje fra
Tungt den veger
Hugs, ta ikkje meir enn du orkar å bere

Djupt i jord
Gjev rot deg retning
Når stormar fer
Dei knakande
(Kvedar)
(Kvedar)

Sjå meg djupt
i augene blå
du må forstå
Hugs at alle
eingong forlét
Natta den kjem
Eg gjev deg din odel
Om du vil ha
Den fer ikkje fra
Tungt den veger
Hugs, ta ikkje meir enn du orkar å bere

For kvar einaste spire
Vert me høgare og djupare
For kvar einaste spire
Vert me høgare og djupare
Odal
Odal



This site only shares song lyrics for educational purposes. To get the song, you can do it by buying the original album or stream them on Google Play Music, Apple Music, iTunes, Amazon, Qobuz, Joox, Sky Music, Spotify, Deezer, KKBOX, Youtube or other official streaming services. All lyrics are property and copyright of their respective authors, artists and labels.